Hjelmeland IL

 

 

 

Hjelmeland Turn- og Idrettsforening vart stifta 4. april 1910 av Kristoffer Brakstad, Halftan Halvorsen, Ole Halvorsen, Bertel Haugsland og Johan Haugsland. Kristoffer Brakstad var drivkraft og primus motor heilt frå starten, og sat som leiar fram til 1923. Føremålet med laget var i starten å fremja og driva friidrett og turn. Trampoline og bukk vart snikra, og turnøvinga – med linegymnastikk og oppmjuking etter tysk metode – fann stad på ei slette ved den gamle skytebana bak Hjelmen. Den første turnoppvisninga var i ungdomshuset i 1912. Turnarane var kledde i kvite drakter med raudt belteskjerf, og utøvarane var for det meste folk frå eller nær Hjelmelandsvågen.

 

Interessa for fotball vakna først i 1918, og har frå den gongen vore hovudaktivitet. Det var fin øvingsbane for fotballspelarane på ekrene på Fevoll, eit stykke aust for Hjelmelandsvågen. Laget fekk derimot ikkje eigen bane før i 1947, då fotballbanen på Flåtene stod ferdig 37 år etter laget vart stifta.

 

Eit par år etter fotballinteressa vart vekt, starta laget også med femkamp (diskos, lengde, kulestøyt, spydkast og løp), og vinteridrett er nemnd i protokollane for 1958.

 

I desember 1945 godkjende Noregs Idrettsforbund at laget kunne skifta namn frå Hjelmeland Turn og Idrettsforening til Idrettslaget Hjelm. Det vart også vedteke å endra fargen på draktene, frå svarte til kvite bukser. Trøyene skulle vera som før.

 

Handballinteressa voks fram frå 1967, men aktivitetsnivået der har vore noko vekslande. Laget skipa også til dametrim, herretrim, volteyballturnering, skeiserenn med meir.

 

Frå og med 2006 slo IL Hjelm seg saman med Fister Idrettslag og danna Hjelmeland Idrettslag. Hjelmeland Idrettslag feira 100-årsjubileum, som det eldste idrettslaget i Ryfylke, i 2010. Då var det 500-600 medlemmer i laget. Draktfargane er kvite trøyer og svarte bukser.

 

Les mer på Hjelmeland IL sin hjemmeside ved å trykke her